Startside            Om Helene            Fjosopera            Galleri            Lenker            Kontakt/Booking

 

Litt historikk...

Idèen til "Fjosopera" kom då Ann- Beth Solvang, Beth Elin Byberg og Helene Haarr hadde eit møte på kafè i Oslo ein haustdag i 2001. Dei hadde ein plan om å laga konsert for heimepublikummet på Jæren. Kva var meir naturleg enn å syngja opera i løa og i fjos i landbruksdistriktet dei alle kom frå? Idèen vart kasta fram, og ballen byrja å rulla. Det vart ein morosam og lærerik prosess kor "Fjosopera" tok form.

Lokalet for fyrste produksjon vart Soma Gård i Sandnes. Her var nødutgangar, toalett og ein veldig samarbeidsvillig  og positiv bonde som tende på konseptet.

Alle tre fungerte som produsentar, og fann sponsorar, tok utallege telefonar og ordna med plakatar, program og markedsføring i førekant av dei to planlagde framsyningane. Regi og konsertprogram stod dei sjølve for. Her var høner og geiter medverkande i framsyninga. Heldigvis var bonden sjølv tilstades då ei av hønene vart litt nærgåande for publikum...

To mest fulle framsyningar i løa på Soma Gård vitna om suksess og eit konsept publikum ville ha meir av.

Sommaren -03 utvida "Fjosopera" budsjette og ambisjonane og engasjerte Sigve Bøe som regissør og tekstforfattar/omsetjar. Framsyningane fekk ein morosam vri med ein hndling i fjoset med m.a. molking og inseminering som naturleg fylgje til Puccini og Bizet. I løa fekk publikum nyta vakre "låve-songs" henta frå både opera, operette og kabaret. Publikum sat i høyet og humra til Bøe sone morosame tekstar og regi. Koret "Frøysang" gjorde stor suksess som kyr.

Sigve Bøe vart engasjert til å regissera produksjonen året etter. Same stad, men med nytt repertoar og ny regi. Publikum jubla høgt på sitt jærske vis. For fyrste gong hadde dei med ein gjestesolist. Roald Haarr var med som tenor og "avløysar". Sandnes Operakor fekk prøva seg som kyr dette året. "Fjosopera" var eit begrep folk kjende til.

 

Produksjonen i 2006 er den største til no. "Fjosopera" hadde 4 framsyningar på Soma og fekk terningkast 6 i Stavanger Aftenblad!!! Regissør denne gongen var Arild Helleland. Tidlegare tenor tilsett ved m.a Deutsche Oper og Den Norske Opera. Med Trond Gudevold, baryton, og kvinnekoret "Concentus" som gjester, var suksessen eit faktum. 

Sidan hausten -06 har Ann- Beth vore ein del av operastudioet ved Statsoperaen i Hamburg. Det har difor vore naturleg å ta ein pause frå produksjonar på Soma. Dei resterande 2/3 av "Fjosopera" gler seg over hennar suksess i Tyskland! Men for å halda hjula i gang og kunna jobba vidare på alle "event"- jobbar  samt turnera for Rikskonsertane, har dei måtta bruka ulike "avløysarar".

"Fjosopera" vert i dag stadig brukt som eit underhaldande musikalsk og morosamt innslag for bedrifter og firmaer. Dei skreddersyr programmet sitt til dei ulike arrangementa og bedriftene. Dei overraskar med humor og utradisjonell presentasjon av det mest kjende operarepertoaret.

"Det kvalitetssikre ensemblet framfører ikke bare de yndigste duetter, tersetter og solonumre med utsøkt stemmekontroll. De  spøker også høyst uærbødig med innholdet, midt mellom kalvegumling og fluesurr..." Stavanger Aftenblad, aug-06

Etter stor suksess med framsyningar på Åmot Gard i Sogn og Fjordane i aug.-09,  har "Fjosopera" teke ein pause. Dei vil la høygaffel og fjosdressar få kvila litt...

 Alle utøvarane er likevel aktive på kvar sin plass og det er framleis fullt muleg å få underhaldning av høg klasse og med eit humoristisk tilsnitt skreddersydd alle slags arrangement! Det er bare å kontakta anten Helene eller Beth Elin.